Konsulent Microsoft 365
Stillingsbeskrivelse
Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 115 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert og er "Microsoft AI Cloud Partner"
Video: Vi er i vekst og søkjer etter IT-konsulent Microsoft 365Har du relevant erfaring, så kan du bli ein del av Tussa IKT sitt solide fagmiljø. Du kan velje Ålesund, Ørsta, Sykkylven eller Åndalsnes som oppmøtestad.
Nokre av arbeidsoppgåvene til ein Microsoft 365 konsulent vil vere:
- Drift og administrasjon av moderne klientmiljø (Intune/Entra ID)
- Klargjering, utrulling og livssyklusforvaltning av klientar
- Oppfølging av sikkerheit, compliance og oppdateringar
- Feilsøking og handtering av klientrelaterte saker
- Administrasjon av applikasjonar og programvareutrulling
- Dokumentasjon, standardisering og kontinuerleg forbetring
- Samarbeid med servicedesk og fagmiljø innan Microsoft 365 og sikkerheit
Relevante teknologiar:
- Microsoft Intune, Entra ID, Microsoft365
- Windows 11 og macOS
- Windows Autopilot
- Microsoft Defender
- Conditional Access og Compliance
- BitLocker og MAM
- PatchMyPC, Nerdio MSP
- Scripting og automasjon (PowerShell, Bash)
Kvalifikasjonar:
- relevant høgare utdanning - minimum fagbrev innan IT‑drift/IKT‑service (solid og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)
- Interesse for klientadministrasjon, Microsoft 365 og skytenester
- Grunnleggjande forståing av Windows, macOS og nettverk
- Erfaring med moderne klientforvaltning og sikkerheit
- Erfaring med Intune, Entra ID og Microsoft Defender er ein fordel
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi kan tilby
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Kurs, konferansar og sertifiseringar
- Fleksibel arbeidstid
- Sosiale arrangement
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Konkurransedyktig løn etter avtale
Om arbeidsgiveren:
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med om lag 330 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Ferdigheter nevnt
Søk på denne jobben
Use the application link supplied with this listing to apply to TUSSA IKT AS AVD ØRSTA. Check the destination before entering personal information.

